Brukarrettleiing

No har de fått ein e-post med brukarnamn og passord til den nye India-bloggen.
Under passordet står ei nettadresse som de skal nytte til innlogging.

Dersom de allereie no er nyfikne på kva som er der, kan de gå inn via namnet dykkar øvst i høgre hjørne og oppdatere info i brukarprofilen. Dette skal vi sjå meir på i morgon.

De kan legge ut stoff på fleire måtar:

A) Bruke ein nettlesar på datamaskina:

  1. Logg på india.privolda.no/wp-admin med brukarnamnet og passordet du fekk på e-post
  2. Gå til +Ny i toppen og velg Innlegg
  3. Skriv inn tittel
  4. Skriv brødtekst
  5. Velg kategori 2016
  6. Skriv inn relevante merkelappar eller bruk eksisterande
  7. Velg forsidebilde!!!
  8. Trykk Legg ut

B) Bruke ein mobil-app

  1. Last ned Wordpress sin app for smarttelefonar (Last gjerne ned frå telefonen. Ulike modellar har litt ulike rettleiingar)
  2. Opne appen og set opp med «Add self-hosted Wordpress blog» – bruk http://india.privolda.no som BLOG URL og ditt brukarnamn og passord.
  3. Du kan ta eit bilete og laste opp via telefonen ved å trykke på Quick Photo
  4. Skriv enkel tittel
  5. Velg din kategori eller skriv inn ny
  6. Trykk Publiser

Dette bilete finn du att under Media når du går inn i Wordpress frå datamaskina di, og der kan du legge det til ei nyheit du har skrive:

C) Slik set inn eit bilete når du står i eit innlegg:

  1. Set markøren der bilete skal vere
  2. Trykk på ikonet for fotoapparat
  3. Gå til fliken Mediasamling
  4. Trykk VIS ved eit bilete
  5. Rull ned og trykk Set inn i innlegget og skriv inn ev. andre endringar
  6. Lagre/lukk

 

Lykke til!
Kristian Fuglseth
Høgskulelektor
Avdeling for mediefag
Høgskulen i Volda

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *