Indisk mat

For meg var ikkje tempel, folk og fe årsaken til at eg reiste til India . Da andre i reisefølget gleda seg til å oppleve eksotiske religionar, fattigdom og arkitektur. Gleda eg meg til fyldige sausar, krisp nanbrød og smørkylling. For min del kunne vi gjerne ha gjort som engelskmennene, og adoptert «Chicken tikka masala» som nasjonalrett.

Mitt første møte med indisk mat var på restauranten «Gandhi» på Majorstua i Oslo. Eg og søstera mi spiste oss halvt i hel på nydeleg chikken tikka masala og nanbrød, Middagane på Gandhi er nokon av mine beste matopplevelsar, og eg la terskelen høgt før avreise. På flyet frå Dubai til New Dehli får eg mitt første inntrykk av «Indisk for indiske ganar».  Grønnsaksblandingar, med brød og ein svært søt dessert blir servert. Ein positiv oppleving, tatt i betrakting at flymat er det verste eg veit. Mikrobølgvarma kjøt, overdampa brokkoli og rare sausar gir meg sjeldan andre sensasjonar, enn å trigge brekningsrefleks i halsen. Desto meir komplisert ein flyrett høyres ut, desto meir sikker er du på at det kjem til å bli ein dårleg oppleing. Enkel, og god mat, som ikkje prøvde å vere fancy er det beste, og nettopp derfor er Indisk  perfekt i lufta.

«Paneer tikka masala», var den retten eg åt mest av i India. Eit vegetarisk alternativ som alltid smaka godt.  Foto: Lars Hammeren Risberg

Kortreist kjøtt

Infrastrukturen, logistikken og bilane som frakta matvarer frå landsbygda til byen er ute av stand til å frakte ferdig slakta kjøtt inn til byen. Det er derfor ein stor fordel å ete på restaurantar i nærleiken av slaktaren, om ein skal ete kjøtt. Hos «Karims» i New Dehli var slaktaren, så og sei vegg i vegg med restauranten. Og sjølv om det var fullt av fluger og anna kryp rundt kjøttet, så veit ein at det i det minste er dagsferskt slakt ein et. For mange av oss  føltes det tryggare å ete vegetariansk. For så lenge grønnsakene er skikkeleg varmebehandla, er det både meir politisk korrekt og tryggare for magen, Om ein ikkje et kjøtt finst dei fleste rettane med cottage cheese. Det er og mogleg å få såkalla «Pure veg» på dei fleste restauranter. Mange kveldar gjekk det opp for meg på slutten av dagen, at eg ikkje hadde ete kjøtt. Det er likevel verdt å nevne, at det er lite tradisjonar for «raw food», i India og det er lurt å unngå salatar, om ein skal følge Anthony Bourdain sin filosofi «Eat like the locals». Og når det kjem til frukt, «skrell det eller glem det».

 

«Alle indera»

Matradisjonane varierar enormt mellom landsdelane og dei ulike samfunnsgruppene. Likevel er heile 30 prosent av inderar vegetarianarar. Dei som et kjøtt, et det svært sjeldan, samanligna med vestlege land. Mange av hinduane som unngår kjøtt, et likevel melkeprodukt. Den religiøse årsaken til å ikkje ete kjøtt, er ofte basert på «Ikkjevoldsprinsippet». Samtidig er det også meir økonomisk. Kombinasjonen av religion, økonomi, og tradisjonar gjer at inderane et betydeleg mindre kjøtt enn andre land. Men, samtidig så er det svært store variasjonar mellom statane. I Kerala et 97 prosent kjøtt, imens Rajhestan har 73 prosent vegetarianarar. Rajhestan er ein stat dominert av hinduar, imens Kerala har relativt mange kristne.

Fettete, ukrydra og likt over alt.

For min del var det generelle nivået på maten i India ein enorm skuffelse. Etter seks veker, og besøk på over 50 restaurantar, er konklusjonen min klar.  Det generelle nivået på matlaginga i India har eit utfortjent godt rykte. Den beste indiske maten eg har smakt, er forsatt på «Gandhi» i Oslo. Den beste maten fekk eg  i den muslimske restaurantgata I New Dehli, kor mellom anna «Karims» holdt til. Her var det spart på smøret, og krydra skikkeleg. Eg trur ein av årsakane, er fraværet av kvinnelege kokkar. Som den berømte matjournalisten Anthony Bourdain forklarar, «indiske bestemødre er verdas beste kokar». Og i eit samfunn kor kvinnene lagar maten heime, er det dei som har mest mengdetrening og dei mest fantastiske oppskriftene. Neste gong eg kjem til India, skal eg prøve å bli venn med så mange bestemødre som mogleg!

Matforgifting

Det første folk sei til deg når du skal til India er ofte. «Du kjem til å bli sjuk i magen». Og det eg er mest positivt overaska med India er at eg aldri vart skikkeleg dårlig. Ja, eg hadde dagar kor imodiumen redda meg. Men, eg var aldri skikkeleg sjuk. Eg åt konservativt, og tok ikkje i salatar på heile turen, Seks veker i India, og ikkje noko verre opplevelsar enn tidvis laus mage. Det skal likevel seiast, at eg var ein av dei mest forsiktige på laget. I store delar av turen slutta eg med snus og røyk. Eg sjekka alltid opp restaurantar på «Tripadvisor», åt aldri gatemat og rørte svært sjeldan mat som ikkje var oppvarma. Eg drakk heller aldri springvatn eller isbitar, og pussa til og med tenna med flaskevatn under store delar av turen. Samtidig tok vi  forebyggande «biola-tablettar» kvar dag, og hadde alltid forstoppande tablettar tilgjengeleg når vi fikk laus mage. Så eg vil påstå at dårlig matsikkerhet også er ein myte. Sjølv om det er mykje sant i det, så trur eg det har meir med framand bakteriekultur, og dårlege restaurantval, enn at indisk mat er mindre trygt enn i andre land. Ein person som er oppmerksom på omgivnandane sine, og følger tripadvisor religiøst, kan komme trygt unna det meste. Og om du vil vere ekstra sikker, så et vegetariansk!

Kjelder: http://www.huffingtonpost.in/2016/06/14/how-india-eats_n_10434374.html

https://en.wikipedia.org/wiki/Diet_in_Hinduism

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *