Litt om død og bryllup

 

Døden er av og til ein fest

India har fascinert meg på mange måtar. Blant anna når det kjem til markering av viktige hendingar i livet, som bryllup og død. Eg hugser den gongen eg sat i ein taxi og køyrde forbi eit kalas av trommar og blomstar i ei folkegruppe rundt ein svært så oppynta bil. Det hadde nyleg vore diwali så eg tenkte all feiringa var noko restar av lysfestivalen eller noko sånt. Men når Henriette og eg spurde taxisjåføren kva det heile var vart vi overraska, trist og glad på samme tid. Det vi nettopp hadde køyrd forbi var ein slags dødssermoni. Dauden er nærme heile tida. Berre nokre minutt seinare køyrar vi forbi eit skilt med eit bilete av ein ung mann med eit namn og årstall. Sjåføren vår fortel at det ikkje er uvanleg at det heng slike skilt ved vegen nokre dagar etter eit dødsfall. Henriette og eg ser for oss at vedkommande kan ha døydd på tragisk hvis i ei ulykke av noko slag og at det var derfor han ikkje blei køyrd rundt som han andre med hadde sett. Då Sara og eg såg noko lignande nokre vekar seinare i Bangalore lærte vi at dei litt store markeringane med blomsterdekorerte bilar, trommar og kinaputtar stort sett gjeld for dødsfall av eldre  personar. Ein vennleg indar forklarar meg at dei feirar livet til vedkommande framfor å sørgje over at han eller ho er daud om personen døydde gamal. Det synes eg er ein veldig fin tradisjon i grunn. For ja, å miste nokon er alltid tøft, men det å fokusere på minnane og det fine med den avdøydde og hans lange liv synast eg var fascinerande å sjå med mine eigne augne.

 

Det var kinaputter, trommer og stor ståhei i Bangalore. Ein eldre mann hadde gått bort.

Bryllup – fargerikt og heilag

Indere er mykje meir opne enn oss nordmenn på mange områder. Dei inkluderar og er stort sett alltid  klar til å gje ein hjelpande hand. I løpet av den andre uken vart vi jenter invitert til bryllup av ein familie vi hadde snakka med i ti minuutar på eit kjøpesenter. Og bryluppet var storslagent. Det var eit sørleg bryllup, og dei er ofte meir tradisjonelle og religiøst prega enn dei nordlege. I dei sørlege varar bryllupet mellom to og tre dagar. Dag ein i bryluppet vi var i var i foreldreheimen og var ein dag for familien med masse mat og hygge. I heimetempelet gjekk brud, foreldre og andre viktige for bruden gjennom ein del ritualer. Dag 2 var selve vielsen. Det var ein dag full av farger og  hundrevis av folk i vakre klede. Ei av dei viktigaste rituala frå bryllupsdagen var Saptapadi, som på sanskrit betyr syv skritt. Brudeparet gjekk sju rundar for å erkjenne å dele sin fremtid sammen, med alt det inkluderer. Dei gjekk hand i hand, steg for steg. Sju rundar, ein runde for kvart av dei sju liva. Seinare var det mykje mat, gratulasjonar, talar og mykje biletar. Vi som kvite nordmenn vart populære fotoobjektar. Dei fleste av brylluppa i India er arrangerte. Familien finner ein passande mann til kvinna, men dottera kan avslå om hun ikkje er interessert. Lovemarriage er blitt meir vanleg, men i stor grad er det mest av dei arrangerte enda. Familien er viktig i India og familien lever sammen gjerne foreldre, born, tante, onkel osb. I løpet av min tid i India merka eg a det var heilt vanleg at mor eller far kunne ringe sin sønn halv ni på kvelden for å høyre kvar han var, sjølv om han er 27. Og når det kjem til lovemarriage, det skjer, men det er ikkje uvanleg at familien ikkje vil hjelpe om ekteskapet falner, for då var det ditt val og du må deale med det. Det er kanskje litt harskt og kanskje ikkje heilt sant, men noko eg fekk høre frå ein sjåfør frå Bangalore.

Det blei mykje selfiar på bryluppet.
Amar her var ein nær venn av brudeparet, difor denne fine drakten. Dei mennene som ikkje var like nær, gjekk mindre pynta.

Nok snikk snakk, India har vore fascinerande!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *