Reisa på godt og vondt

På slutten av reisa har vi komme til det punktet på turen kor alt er blitt vanleg for oss. Det er ikkje lenger rart at trafikken har vikeplikt for kyr, ikkje rart at alle tuktukar og bilar har eit alter på dashbordet eller at alle vil ta bilete med oss som er kvite. Nå er det rart om dette ikkje skjer. Det er rart kor mykje som kan forandre seg på så få veker. Men eg følar at eg byrjar å forstå India og kulturen. Og det er eg veldig takksam for og eg er så glad for at eg har fått opplevd dette.

Fyste inntrykka eg har av India var at alt var så kaotisk, støvete og mange folk. Vi kom på natta og var ganske slitne etter ein lang reise. Då vi kom fram til hotellet låg det folk i gata og sov, fullt påkledd og som om det ikkje var noko stress. Dagen etterpå var det fullt med folk i gata og eg merka at eg var langt frå Noreg nå ja. Kyr som gjekk i gatene og alle som stirra på oss. Eg følte meg brått så naken og veldig synleg. Korleis skulle eg klare to månadar med dette?

I India er særleg kontrasta mellom rike og fattige store.
I India er særleg kontrasta mellom rike og fattige store.

I India får dei gjerne plass til 20 stk i ein bil.
I India får dei gjerne plass til 20 stk i ein bil.
Det er lett å komme i snakk med indere, særleg barn.
Det er lett å komme i snakk med indere, særleg barn.

Nå har det straks gått to månadar og inntrykket eg har i dag har forandra seg totalt. Det er eit system i kaoset og det er eit fantastisk land på mange måtar. Med så mange menneske som bur her blir det store kulturforskjellar i eit og same land. Ved å dra frå ein by til ein annan er det som å reise til eit nytt land. Det gjer at ein ikkje kan bli mett på India. Sjølvsagt har ikkje turen vore heilt perfekt. Det har vore stundar kor eg har vore møkkalei av alt som alltid skal gå imot oss. Ting tar tid, og sidan vi er kvite prøvar tuktuksjåførar å lure oss slik at vi betalar meir enn rimeleg pris slik at vi dagleg må krangle med dei. I Noreg brukar vi kart for å finne fram, i India spør dei kvarandre. Og det er ikkje alltid folk veit kor vi skal så da blir ein biltur som kunne tatt 15 min dobbel så lang for dei må ut å spørje folk. Ikkje hjelp det at vi sitt der med GPS og prøvar å forklarar. 2 gongar har eg vorre på nippet til å bestille det fyste flyet heim til Noreg. Men heldigvis har dei gode stundene veid opp for dei tunge. Eg er glad for at eg reiste hit og lærte meg den indiske kulturen. Det vart ikkje slik eg trudde det kom til å bli, på godt og vondt.

Dei populære tuktuk'a - effektivt transportmiddel, men kjem nok ikkje til å sakna dette.
Dei populære tuktuk’a – effektivt transportmiddel, men kjem nok ikkje til å sakna dette.
Noko av det eg reagerte på i India var at folk sover overalt, uansett når.
Noko av det eg reagerte på i India var at folk sover overalt, uansett når.

På denne turen har eg lært mykje om meg sjølv, eg følar at eg er verdas rikaste, mest sjølvopptatte nordmann som tenkjer for mykje på uviktige og unødvendige ting. Kvar dag ser eg born som går gatelangs og håpar på å finne noko mat. Dei bekymrar seg for om dei i heile tatt får mat i dag, medan eg kan finne på å kaste maten eg ikkje et opp til middag. Dei håpar dei finner klede som kan varme kroppen deira mot dei stadig kaldare nettene, medan eg kastar en genser om det blir hull på den, sidan eg ikkje gidder å reparere den. Medan eg har vore i India følar eg at det har vore lettare å levd et enklare og primitivt liv, men eg veit at når eg kjem tilbake til Noreg vil dei gamle vanane komme raskt igjen. Det blir vanskeleg å skulle forholda seg til problema deira, når det er langt frå problema eg har i Noreg. Denne turen har motivert meg til å kunne hjelpe folk som ikkje har det så bra, sidan alle fortener å ha det så bra som meg. Særleg mot kvinner og kvinnerett. Det vanskelegaste for meg å takle i India var at kvinner ikkje burde vere ute etter at det ble mørkt. I slummen bør ikkje kvinner vere ute etter kl 6, og for ein jente frå Noreg, er dette veldig rart kor eg følar meg trygg til å kunne gå ute aleine uansett når på døgnet. For meg blir det vanskeleg å reise til Noreg kor oss har ein sabla bra likestilling, så vil indiske kvinner fortsatt føle seg utrygge. Det syns eg ikkje er rett og det har eg skrevet om i mitt førre blogginnlegg. Ein ting eg veit at når ein kjem heim og får ting på avstand kan det vere lett å gløyme problema, men det skal ikkje skje nå.

Takk for nå India, du har både vore fantastisk og slitsam!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *