Typisk India

Sju veker har gått. Sju utruleg spanande veker. India har vore eit svært interessant land å reise rundt i. Det er eit land som er så utruleg forskjellig frå Noreg.

malpe-beach

Idylliske strender med krittkvit sand der ein kan kosa seg gløgg med ein kokosnøttdrink i handa. Tyrkist sjøvatn der ein trur ein kan kjøle seg ned, men som uheldigvis visar seg å vere altfor varmt når du spring uti. Grøne, flotte palmer uansett kvar du går. Typisk India. palme

Fantastisk indisk mat som smakar betre enn du kan tenka deg. Kelnerar som aldri skreiv ned bestillinga vår, og som sjølvsagt ikkje hugsa meir enn kva me bestilte til drikke. Innpåslitne selgarar overalt, uansett kor ein går. Folk som er hyggelige og tilbyr deg hjelp og tenestar, men som sjølvsagt krevjar betaling etterpå. Typisk India. new-delhi-4

Galne sjåførar som ikkje gir seg før dei er fremst i trafikken. Tuting og skriking uansett kor ein går gatelangs. Intense lukter av urin, krydder, eksos og sveitte overalt. Tusenvis av spanande tempel, i kvar einaste by. Typisk India.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *